Bellis Gravferdsbyrå AS
Bellis Gravferdsbyrå AS

Norsk
  •   English
  •   Norsk
  •   Svenska
  •   Dansk
  •   Nederlands
  • Velkommen
  • Søk
  • Om minnesidene
  • Spørsmål & Svar
  • Kontakt oss
  • Til byråets hjemmeside
  • Om
  • Vilkår
  • Tilgjengelighetserklæring
  • Privacy policy
  • Cookie policy
  •   Administrator innlogging
Meny
Gå til hjemmesiden
  • Startside
  • Bestill blomster
  • Gi en minnegave
  • Om begravelsen
  • Dødsannonse
  • Galleri
  • Program/Minnebok
  • Del
  • Portal


    Gro Lothe

    Født 1. mai 1938
    Død 16. april 2026


    Minneord

    Tove Aurdal Hjellnes
    2026-08-02

    Takk Gro, for så mykje. For vennskap, men mest for at du brydde deg og var så engasjert. Trufast og uthaldande er også ord ein kunne bruke om deg. Eg vart kjent med deg i Amnesty. Der var du uthaldande og sikker på at det vi dreiv med nytta. Kvil deg no ❤️🧡

    Yngve
    2026-05-12

    Kjære mamma

    Du som alltid har vore her. Det er ubegripeleg at du no er borte.

    Du vart fødd 1. mai 1938 og fekk namnet Gro. Det er snart 88 år sidan.

    I følge dei som veit slikt er Gro eit namn laga med utgangspunkt i det norrøne gróa som tyder ‘å gro, vekse’.

    Namnet ditt kledde deg godt. Du fekk alt til å gro. Konkret og biletleg. Plantar og blomar, vennskap, kunnskap, menneske. Du var glad i folk, glad i menneske, og i menneskeleg kontakt.

    Vi vil alltid sakne varmen din. Empatien din. Ikkje berre for oss næraste. Men også for menneske i naud langt borte.

    Du var alltid på dei svake si side. Som sosialist, som aktiv kvinnesaksforkjempar, i det utrettelege arbeidet mot atomvåpen, og som gruppesekretær i Amnesty International.

    Arthur Arntsen sa ein gong om mor si at han som barn alltid lurte på korleis Gud og Jesus såg ut. Englane derimot, visste han godt korleis såg ut. Dei hadde mor hans sitt andlet.

    I dag er det lett for meg å sjå deg slik, mamma. At du ser ned til oss frå ein stad der oppe.
    Du ser at det, trass i denne djupe sorga, går bra med oss. Og det har alltid vore svært viktig for deg.

    Salmen vi sang i stad, No livnar det i lundar, var ein av dine favorittar. Eg kan hugse vi sang den i mi mormor si gravferd. Spesielt likte du linja «nytt liv av daude gror».

    Såleis må det vere godt å sjå at barnebarna dine driv med noko av det du sette høgast: Kunst, musikk, menneskerettar.

    «...nytt liv av daude gror» Kjære mamma: Det gjer det.

    Og englemetaforen høver godt på deg. Du var rett igjennom varm og god som ein engel. Men du var ein over gjennomsnittet opplyst engel. Du var belest. Sterk i historie. Sterk i allmennkunnskap. I ord og omgrep.

    Og med eit fantastisk språkøyre. Pappa fortel at du på ein tur i utlandet ein gong kom i prat med nokre danskar. Etter ein middels lang passiar lurte dei på kor på Jylland du var frå.

    Du hadde sterke og sunne meiningar. Med deg heimanfrå, meiner han du gifta deg med. Sjølv var han høgremann til han traff deg. No har han vore sosialist i 66 år.


    Du var alltid positiv. Alltid i godt humør. Også til det siste. På skjerma avdeling (på sjukeheimen) elska dei deg. Du vart maskoten deira. For personlegdomen din skein igjennom demensen. Godheita di. Varmen din.

    Og no har det store hjartet ditt slutta å slå. Det er ufatteleg at du no er borte. Tomromet etter deg er enormt på så mange måtar.

    Farvel, kjære mammaen min.

    Ymmann

    Berit Marita Weien
    2026-04-29
    Minneord

    Du var ein fantastisk fransklærer på Tingvoll Gymnas

    Trine Hansen
    2026-04-28

    Takk for godt naboskap i mange år🌸Kondolerer til Reidar med familie ❤️Helsing frå Trine og Øyvind Hansen 🌹

    Janita Seth Torvik
    2026-04-26

    Alltid fargerik og engasjert!

    Takk for alle kjekke kaffebesøk, gode samtalar og godt naboskap.

    Åse
    2026-04-24

    Takk for at jeg fikk bli kjent med deg Gro. Takk for koselige morgener med kaffe latte i Lykkebo, Du hadde alltid den største og mest fargerike koppen❤️

    Wenche Elise Åm
    2026-04-23

    Kjære fine Gro.
    Du var et varmt og godt menneske – alltid smilende, alltid engasjert.
    Du kjørte rundt i den lille bilen din, på vei til jobb, kafé eller for å kjempe for andre.

    Du så de som trengte det mest, og du gjorde en forskjell.
    Minnene om deg lever videre.

    Hvil i fred ❤️
    Varme tanker til dine nærmeste

    Anna
    2026-04-23
    Minneord

    Kjære gode, morsomme, kule, fargerike tante Gro❤️ Jeg kommer til å huske deg for din gode latter, dine fargerike klær, dine gode betraktninger på livet, din omsorg og at du alltid tok kontakt når du var i Bergen. Varme klemmer fra Anna

    Pernille Br Myrlie
    2026-04-22

    Takk for gode minner 😍frå meg og jentene mine ❤️kvil i fred ❤️

    Greta Sandanger Goksøyr
    2026-04-22

    Signe minnet om Gro.

    Siri Jønnum
    2026-04-22
    Minneord

    Gro - et fyrverkeri av farger, stort engasjement og mye omsorg. Kunne ikke hatt en finere svigermor. Du er med meg i hjertet for alltid 🧡

    Hallgerd Conradi
    2026-04-21

    Takk for stort engasjement for medmennesker i nød. Vi vil alltid huske interessen og varmen du omga deg , med, også når du kunne bli " fly forbanna' på urimeligheter. Takk for fine stunder gjennom flere år! Du har satt spor.

    Margit
    2026-04-21

    Takk for mange gode minner Gro. Du var en fantastisk svigerinne🌹❤️


    Tente lys

    Karina Grimstad
    2026-07-30
    Anne Pernille
    2026-05-31
    Torbjørn O. J, Frost Widnes
    2026-05-09
    Haldis Hareide
    2026-05-04
    Ingrid Bårslett
    2026-05-01
    Ola Laurits Hjørungnes
    2026-05-01
    Pernille Riise Lothe
    2026-04-29
    Oddny og Helge Lothe
    2026-04-29
    Dagfinn Olav Bye
    2026-04-29
    Elena Wisth
    2026-04-28
    Ninni Teigene
    2026-04-28
    Dagfinn Paus
    2026-04-28
    Alem
    2026-04-28
    Audhild Gjerde
    2026-04-27
    Bente Mork Blindheim 🌹🕯️
    2026-04-25
    Synnøve Pilskog
    2026-04-25
    Hilde Brandal
    2026-04-25
    Anne Grete Vatne
    2026-04-24
    Janne B. Yksnøy
    2026-04-24
    Grete Riise
    2026-04-24
    Inger-Elin Mork
    2026-04-24
    Kjerstin Haddal
    2026-04-24
    Medmenneske
    2026-04-23
    Sara Hareide Wagland
    2026-04-23
    Olga og Gunder
    2026-04-23
    Gunnar Ellingsund
    2026-04-23
    Liv Sølvi Engen Kvalvik
    2026-04-23
    Kirsten Ystebakk Olsen
    2026-04-23
    Oddny Ekroll
    2026-04-23
    Ragnhild Kristin Liaset
    2026-04-23
    Bente Anita Sæter Pilskog
    2026-04-23
    Anne-Mari Kaldhol
    2026-04-22
    Bodil Saunes
    2026-04-22
    Brit Overå
    2026-04-22
    Randi Bakken
    2026-04-22
    Pernille Breivik Myrlie
    2026-04-22
    Hilde Gunn Ringstad
    2026-04-22
    Greta S. Goksøyr.
    2026-04-22
    Marit Giske Snipsøyr
    2026-04-22
    Peter Liavåg
    2026-04-22
    Ragnhild
    2026-04-22
    Berit liaset
    2026-04-22
    Aslaug
    2026-04-22
    Anita Karlsen
    2026-04-22
    Hege Folkestad
    2026-04-22
    Gerd A. Vik Flø. Kvil i fred, du menneskekjære Gro!
    2026-04-22
    Torill Gjerde🌹
    2026-04-22
    Agnes Hareide
    2026-04-21
    Bodil Aakvik Grønli
    2026-04-21
    Nora Dimmen
    2026-04-21
    Olve & Viveke
    2026-04-21
    Kjerstin Frøysa
    2026-04-21
    Ann Kristin Riise
    2026-04-21
    Tonje Folkestad
    2026-04-21
    Turid Folkestad
    2026-04-21
    Sissel Seljebotn og Jon Arild Magerøy
    2026-04-21
    Ingeborg Dyrhaug Hatløy
    2026-04-21
    Asle-Bjørn Røyset,takk for den du var,Sissel var glad i deg
    2026-04-21
    Ann Helen Grimstad Worren
    2026-04-21
    Sølvi Bente Muren
    2026-04-21
    Bente Kvam Dimmen
    2026-04-21
    Synnøv Skarbakk🌸
    2026-04-21
    Margit Dyrkorn Øvrelid
    2026-04-21
    Bellis Gravferdsbyrå AS
    2026-04-21

    Blomsterhilsner

    Ingunn Møllebak
    2026-04-24

    Takk for alt godt vi hadde sammen Ingunn


    Donasjonshilsner

    Bjarne og Reidun Wennevold
    2026-04-21
    Amnesty International

    • Share in Facebook
    • Copy link
    • Send to mail