Gode minner har oss !
Asbjørn har aldri framstått som anna enn veldig snill og godhjerta Vi har stort sett treft kvarandre i diverse selskap og feiringar dei siste åra. Alltid kjekk å snakke med. Snakka aldri stygt om andre.
Då eg hadde lyst å spele inn songar og lage CD for ei livstid sidan, så tilbaud han meg gratis bruk av studio, eg betalte kun for elektrisitet.
For meg som var i ulønna frivillig arbeid i London på den tida, så var det ein invitasjon som førte til at eg kunne realisere prosjektet («Love and zeal».)
Eg er veldig takknemlig for det. Men mest av alt for den fine, gode personligheita han hadde.
Det var lett å kjenne ei kobling til Asbjørn. Det var ingen ego eller arroganse som hindra. Han var ein audmjuk mann.
Eg kan knapt forestille meg korleis hans lune person må bli savna av dei som stod han aller nærast.
Måtte hans gode minne leve lenge, og måtte han no kvile i Guds fred
Ei siste helsing med takk for godt vennskap i mange år. Kvil i fred.
Frå Harry Fjelle