Saknar deg Pappa ️
Takk for at eg fekk vere med på gravferda! Det var fint, sjølv om eg ikkje var der fysisk til stades. Ein fantastisk god fagmann, og ikkje minst ein god venn, har gått bort. Eg kjem til å sakne deg Lars :)
Ei siste helsing og takk for eit langt og godt kollegialt vennskap.
Eg er takksam for at eg fekk lære deg å kjenne og vil minnast deg som ein lun og god kollega.
Glad i deg pappa
Eg vil takke deg Lars for at du alltid var så jordnær, i all di ferd.
Du var stødig og klok, med god evne til å sjå ein veg vidare.
Eg unner deg kvila, men kjem til å sakne deg.
Johan Ole
Takk for alle gode minner.
Ei siste helsing. Kvil i fred
Takk for mange gode minner Lars. Kvil i fred.
Eg var så heldig å få oppleve mykje av barndomen i Vikane i lag med deg. Me overnatta på Vikestøylen, plukka mange norgesglas med markjordbær, utforska fjøra, og brukte færingen flittig på fjorden. Du var ikkje gamle karen før du peila inn Skallen, så me kunne senke seidesnøret med godt håp om fangst. Skal tru kor mykje fisk me drog på land desse åra Takk for alle gode minne, Lassen. Kvil i fred.
Du vil alltid ha en spesiell plass i hjertet mitt. Kvil i fred
Eg vil minnast deg, Lars, som ein lun og god kollega som alltid hadde eit glimt i auge. Nokre menneske set spesielt djupe spor - slike som du. Kvil i fred ️