Like kjært som blomar, er ei gåve til Amnesty Internationa Norge. Gåva kan gis her på minnesida, under "Gi en minnegave" eller på Vipps 2115. Merk "Gro Lothe"
Like kjært som blomar, er ei gåve til Amnesty Internationa Norge. Gåva kan gis her på minnesida, under "Gi en minnegave" eller på Vipps 2115. Merk "Gro Lothe"
Alle er velkomne til gravferda.
Like kjært som blomar, er ei gåve til Amnesty Internationa Norge. Gåva kan gis her på minnesida, under "Gi en minnegave" eller på Vipps 2115. Merk "Gro Lothe"
Like kjært som blomar, er ei gåve til Amnesty Internationa Norge. Gåva kan gis her på minnesida, under "Gi en minnegave" eller på Vipps 2115. Merk "Gro Lothe"
Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Takk Gro, for så mykje. For vennskap, men mest for at du brydde deg og var så engasjert. Trufast og uthaldande er også ord ein kunne bruke om deg. Eg vart kjent med deg i Amnesty. Der var du uthaldande og sikker på at det vi dreiv med nytta. Kvil deg no ❤️🧡
Kjære mamma
Du som alltid har vore her. Det er ubegripeleg at du no er borte.
Du vart fødd 1. mai 1938 og fekk namnet Gro. Det er snart 88 år sidan.
I følge dei som veit slikt er Gro eit namn laga med utgangspunkt i det norrøne gróa som tyder ‘å gro, vekse’.
Namnet ditt kledde deg godt. Du fekk alt til å gro. Konkret og biletleg. Plantar og blomar, vennskap, kunnskap, menneske. Du var glad i folk, glad i menneske, og i menneskeleg kontakt.
Vi vil alltid sakne varmen din. Empatien din. Ikkje berre for oss næraste. Men også for menneske i naud langt borte.
Du var alltid på dei svake si side. Som sosialist, som aktiv kvinnesaksforkjempar, i det utrettelege arbeidet mot atomvåpen, og som gruppesekretær i Amnesty International.
Arthur Arntsen sa ein gong om mor si at han som barn alltid lurte på korleis Gud og Jesus såg ut. Englane derimot, visste han godt korleis såg ut. Dei hadde mor hans sitt andlet.
I dag er det lett for meg å sjå deg slik, mamma. At du ser ned til oss frå ein stad der oppe.
Du ser at det, trass i denne djupe sorga, går bra med oss. Og det har alltid vore svært viktig for deg.
Salmen vi sang i stad, No livnar det i lundar, var ein av dine favorittar. Eg kan hugse vi sang den i mi mormor si gravferd. Spesielt likte du linja «nytt liv av daude gror».
Såleis må det vere godt å sjå at barnebarna dine driv med noko av det du sette høgast: Kunst, musikk, menneskerettar.
«...nytt liv av daude gror» Kjære mamma: Det gjer det.
Og englemetaforen høver godt på deg. Du var rett igjennom varm og god som ein engel. Men du var ein over gjennomsnittet opplyst engel. Du var belest. Sterk i historie. Sterk i allmennkunnskap. I ord og omgrep.
Og med eit fantastisk språkøyre. Pappa fortel at du på ein tur i utlandet ein gong kom i prat med nokre danskar. Etter ein middels lang passiar lurte dei på kor på Jylland du var frå.
Du hadde sterke og sunne meiningar. Med deg heimanfrå, meiner han du gifta deg med. Sjølv var han høgremann til han traff deg. No har han vore sosialist i 66 år.
Du var alltid positiv. Alltid i godt humør. Også til det siste. På skjerma avdeling (på sjukeheimen) elska dei deg. Du vart maskoten deira. For personlegdomen din skein igjennom demensen. Godheita di. Varmen din.
Og no har det store hjartet ditt slutta å slå. Det er ufatteleg at du no er borte. Tomromet etter deg er enormt på så mange måtar.
Farvel, kjære mammaen min.
Ymmann
Takk for at jeg fikk bli kjent med deg Gro. Takk for koselige morgener med kaffe latte i Lykkebo, Du hadde alltid den største og mest fargerike koppen❤️
Kjære fine Gro.
Du var et varmt og godt menneske – alltid smilende, alltid engasjert.
Du kjørte rundt i den lille bilen din, på vei til jobb, kafé eller for å kjempe for andre.
Du så de som trengte det mest, og du gjorde en forskjell.
Minnene om deg lever videre.
Hvil i fred ❤️
Varme tanker til dine nærmeste
Kjære gode, morsomme, kule, fargerike tante Gro❤️ Jeg kommer til å huske deg for din gode latter, dine fargerike klær, dine gode betraktninger på livet, din omsorg og at du alltid tok kontakt når du var i Bergen. Varme klemmer fra Anna