Til kjære Ivan,
Vi vaks opp i lag. Eller rettare sagt, vi blei vaksne i lag.
Vi har følgt kvarandre gjennom dei gode ungdomsåra, og om eg skal oppsummere kort, så kan eg med handa på hjartet sei at den tida ikkje hadde blitt den same utan deg.
I ungdomstida var vi ein stor gjeng med venninner og kompisar som ofte hang i lag, og du var ein sentral del av den gjengen.
Vi jentene var heldige som hadde så mange trygge, gode kompisar rundt oss når vi vaks opp, og du var eit flott eksemplar.
For meg var du ein av dei næraste og kjæraste.
Du var eit ja menneske, ville alltid finne på noko gøy. Om vi leige film på mix og åt burger, for på telttur, trening, råna oss ei runde eller berre satt med beina på dashbordet og taut om livet i timesvis. Vi delte draumar, framtidsplanar og mål.
Om det var noko ein trengte hjelp med gjekk ikkje det lange tida før det ringte i telefonen din. Du stilte opp kva enn det var, i gode,men kanskje viktigast av alt, i dårlege tider.
Eg er sikker på eg snakkar for fleire i vennegjengen vår når eg seier at du har støtta og vist empati for dei rundt deg, og spesielt god var du under «kriser». Eg seier «kriser» i hermeteikn, for ein må faktisk ta i betraktning kva livet gav oss av kriser seinare. (Vil til dømes neppe kalle å miste veska si på fest ei krise, men det kjentes slik ut då).
Uansett. Der var du god, samla, rasjonell, og forståelsesfull.
Eit par minner som melder seg er den gongen du blei så lite imponert over ryggeferdigheitene mine at du fekk meg til å rygge opp og ned verdas smalaste innkjørsel 4000 gonger før du sa deg fornøgd.
Eller då vi var på visning på leiligheit til deg som du synes var altfor lita mtp. kor mange du fekk plass til på fest, så det blei uaktuelt. Den var 70 kvm. Den tida bestod flyttelasset av ei steikepanne og nokre finskjorte til helga.
Også noko som spelar seg av er latteren din. Den smittande, gode latteren som du aldri spara på.
Eg vil takke deg for dei gode åra. Den fine tida før ansvar og voksenliv blei kasta etter oss. Før regningane skulle betalast og lånet i banken minna om eit tulletal.
Eg vil huske oss som dei tullingane som fortsatt sit i BMW-en din og høyrer på siste slepp frå Tiësto med kvar si sjokomelk frå shell i handa, mens vi ventar på at sola skal krype over hasundhornet.
Kvil i fred, min venn️.
Vis mer
Vis mindre