Eg har uendelig mange gode minner fra ein fin barndom med storfamilia, og tante Herdy er med i veldig mange av minna! Raus, snill, lun, alltid blid og omsorgsfull, slik minnes eg tante Herdy. Det var alltid so kjekt å kome på besøk ned til ho, der var det leik ute i hagen, opp å sjå på kaninene og overnatting oppå loftet. Å spele yatzy var obligatorisk! Ein gang fikk vi kylling til middag, men etter at vi hadde spist fortalde ho at det var kanin! Tante Herdy hadde stor omsorg for alle rundt seg og stilte opp og hjalp til der ho kunne, ho var ei sjeldent snill dame som eg alltid vil minnes med stor respekt! Kvil i fred, kjære tante Herdy
Dei aller finaste barneminna mine har eg frå Herdy då ho var hushjelp hos oss på Vartdal dei første etterkrigsåra, med vitjing til Ulstein og den store famiieflokken der. Det vert aldri gløymt og eg kunne ikkje ha takka henne nok for det.