Vår kjære mamma, svigermor, bestemor, oldemor og tante
Dei grånande dagane..
No møtest dei grånande dagar
med skinet frå ungdomens år.
Og minna frå vårtida lagar
eit sølvskin i bleiknande hår.
For attanfor det som eg røynde
av vonbrot og sorg i mi tid,
ligg ungdomens solblomar løynde
og strålar v livsglede blid.
For enn kan eg le åt det skakke,
og gleda i kvardagen sjå.
Og endå i brattlendte bakke
eg ivrig kan klatre og gå.
Og enn kan eg slåss i mot ormen
av løgn og missunning og vald .
og syngje i trass i mot stormen,
og vere ein skjelm og ein skald.
Så inderleg glad for å leve
kvart einaste, gudsskapte bel.
Ved alt det naturen kan gjeve,
til føde for lekam og sjel.
Frå bekken som lystig kan klukke,
og dogga på veiftande strå,
Frå bognande frukt eg kan plukke,
til skya på himmelen blå.
Så kjem det vel skumrande tider,
då skuggane lengest mot natt.
Og sola kal rode omsider
og farge den stund som er att..
Og nett som ho loga som elden,
den dag eg kom ny til vår verd,
slik gyller ho vakkert om kvelden
og signar mi fullførte ferd.
Marie Lovise Widnes 2010
Dei grånande dagane..
No møtest dei grånande dagar
med skinet frå ungdomens år.
Og minna frå vårtida lagar
eit sølvskin i bleiknande hår.
For attanfor det som eg røynde
av vonbrot og sorg i mi tid,
ligg ungdomens solblomar løynde
og strålar v livsglede blid.
For enn kan eg le åt det skakke,
og gleda i kvardagen sjå.
Og endå i brattlendte bakke
eg ivrig kan klatre og gå.
Og enn kan eg slåss i mot ormen
av løgn og missunning og vald .
og syngje i trass i mot stormen,
og vere ein skjelm og ein skald.
Så inderleg glad for å leve
kvart einaste, gudsskapte bel.
Ved alt det naturen kan gjeve,
til føde for lekam og sjel.
Frå bekken som lystig kan klukke,
og dogga på veiftande strå,
Frå bognande frukt eg kan plukke,
til skya på himmelen blå.
Så kjem det vel skumrande tider,
då skuggane lengest mot natt.
Og sola kal rode omsider
og farge den stund som er att..
Og nett som ho loga som elden,
den dag eg kom ny til vår verd,
slik gyller ho vakkert om kvelden
og signar mi fullførte ferd.
Marie Lovise Widnes 2010